(Foto: Marius Beck Dahle)

Kan Volda vinne mot Fredrikstad?

Søndag 4. september debuterer Volda i Rema1000-ligaen mot Fredrikstad. Har Halli ein plan for korleis Volda kan gå seirande ut av kampen?

Tekst: Idar Flo. Foto: Marius Beck Dahle.

Korleis vil du vurdere Fredrikstad, og kva blir viktig for Volda for å vinne?
– Fredrikstad er eit lag som blei nummer sju i Eliteserien i fjor, så det er klart at vi møter eit veldig godt lag. Det blir svært viktig for oss å få satt forsvar frå starten av kampen, og så må vi vere klare til å gi alt på bana. Vi håper sjølvsagt at vi får med oss heimepublikum og klarer å skape stemning i hallen, slik at det skal vere vanskeleg for motstandarane å kome hit og hente poeng.

Korleis har oppkøyringa for sesongen vore?
– Litt opp og ned. Vi har fått prøvd ut veldig mykje, og føler at vi har fått noko klarare tankar om måten vi ønsker å spele og fremstå. Samtidig føler eg at dette blir ein prosess som kjem til å halde fram dei neste månedene. Vi må jobbe for å bli betre frå kamp til kamp. Vi gler oss veldig til sesongåpninga, og sjølv om vi i starten av sesongen skal møte veldig sterke lag så er vi klare for å gi alt på bana.

Kva forventningar har du til sesongen?
– Eg ønsker å sjå eit Volda-lag som spelar med stoltheit på bana, og at vi heile tida er ute etter å bli betre. Vi veit at dei fleste spår oss ned til 1. divisjon igjen. Vi har sjølv trua på at vi har noko å gjere i Eliteserien, og då blir det opp til oss å bevise at vi høyrer heime der. Så får vi telle poenga til slutt og sjå kor vi ender opp, men vi skal gjere alt vi kan slik at det blir eliteseriespel for Volda også neste sesong.