Etter opprykket til eliteserien har Volda handball merka auka interesse for klubben, og kan presentere PE Bjørdal som heilt ny elitesponsor.

– Næringslivet stiller opp og dette er vi heilt avhengige av, seier Arild Bakke i Volda handball.

– Vi har vore i dialog med fleire nye bedrifter etter opprykket og det er mange som legg merke til og set pris på den satsinga og jobben som har blitt gjort i Volda handball. PE Bjørdal er ein ny samarbeidspartnar for oss. Det har vore ein svært positiv dialog sidan vi tok kontakt og dei går inn med entusiasme som ny elitesponsor frå hausten av. Det set vi sjølvsagt svært stor pris på, seier Bakke.

Kommersiell leiar Oddbjørn Følsvik i PE Bjørdal seier at Volda handball sin framgang dei siste åra inspirerer:

– Vi i PE Bjørdal har siste åra styrka vår marknadsposisjon med auka kompetanse og høge ambisjonar, men samtidig med mål om å skape ein trygg arbeidsplass. Det gler oss derfor veldig å sjå at Volda handball si satsing på spelarar, klubb og arena har ført klubben opp i eliteserien i norsk handball.

– Vi synes det er stort å få støtte Volda sitt handballag som nærast har gjort det umulige mulig, til inspirasjon for oss i PE Bjørdal og vårt arbeid med å nå nye mål til glede for kundar, tilsette og eigarar.

– Volda har nådd det første store målet, så ynskjer vi at vår støtte er med på å sikre at Volda handball etablerer eit godt fotfeste i eliteserien, uttaler Oddbjørn Følsvik.