Jelena Terzic kjem til Volda frå Serbia.

Jelena Terzic har signert ein toårsavtale med Volda HK. Jelena har spelt for toppklubbar i heimlandet Serbia og Romania dei siste åra.

Ho er 27 år, venstrehendt og spelar på høgre back-plass.

– Klubben gjorde ein grundig jobb før vi signerte Jelena, fortel trenar Halldór Stefán Haraldsson.

– Vi har sett mange kampar med ho på video, snakka med folk som kjenner ho, og for to veker sidan var Jelena og prøvespelte i Volda. Sjølv om vi vurderte nokre andre alternativ, var det ingen tvil om at vi ønska å signere Jelena etter at ho hadde vore hos oss.

– Ho er sjølvsagt ein god handballspelar, men ho er også veldig open og enkel å prate med. Eg trur ho kjem til å passe veldig godt inn i spelarstallen vår.

Terzic har bra fart i beina, og kan halde eit svært høgt tempo både i etablert angrep og ankomstfasen. Difor trur Hilldór at Jelena kjem til å passe godt inn i den spelestilen Volda ønsker å vise neste sesong. 

– Jelena har med seg mykje god erfaring, og har spelt mange år i den heimlege ligaen med titlar på øvste nivå. Ho har også spelt fleire sesongar i Challenge cup (3. øverste nivå i europacupspel), der laget hennar gjekk til semifinalen i sesongen 19/20. I tillegg har ho vore ein del av det serbiske landslaget.

– Eg er veldig nøgd med at klubben klarte å signere Jelena, og føler at denne signeringa styrker laget betydelig framfor neste sesong, seier trenaren.

Jelena vil vere på plass i Volda saman med resten av gjengen ved oppkjøringsstart i juli.