VIP-fest for dei yngste ga meirsmak

– Dette må vi gjere igjen! Volda sine breiddestjerner vart gjort skikkeleg ære på då elitedamene møtte Sola. FOR ein tribunefest det vart! Kanskje ikkje rart spelet på bana også løfta seg?!

– Det skulle berre mangle – dette er jo dei største stjernene våre – ekte VIPs! sa dagleg leiar i Volda handball, Solveig Storeide, med det største gliset etter ein redige festkveld i Volda Campus Sparebank1 Arena.

130 stjerner på VIP-en

Dei unge spelarane i klubben vart inviterte til å sjå
kampen mellom Volda og Sola frå VIP-plass, med servering av saft og litt snacks. Dei yngste måtte stå over denne gangen, sidan kampstart vart litt seint – men dei lover Solveig skal få vere med på moroa ein annan gang.



Heiaropa inspirerte!

Og breiddestjernene viste at dei ikkje berre er gode på bana. Dei fulle VIP-tribunane heia damelaget fram til det som blei årsbeste, og trass knapt tap mot Sola kjentes det som ein siger for spelegleda. Dette minna om sesongstarten og då vi slo Fredrikstad heime.

Det entusiastiske maskineriet

– Fyyyyy søren for en kveld!!! I kveld er eg VIRKELIG stolt entusiast, sa Solveig etterpå. Og ramsa opp dei mange som fortener heider:

– Eg er stolt av blide herlige dugnadsfolk. Stolt av dei på bana. Kjempekamp! Stolt av alle dei unge håpefulle spelarane på VIPen, at det kan gå såpass knirkefritt med 130 unga samla – FOR ein fantastisk gjeng! Sola var veldig trivelige gjestar. Dommerane og øvrig apparat var berre smil å få frå.

– Vaktstyrka sto på fra 16.00-21.30. Guro styrte kjøkkenskuta i 10 tima, ilag med eit herleg team. Og så har vi folk på plotting, i sekretariat, speaker som “bjuder” på, ivrige flinke studentar på medietribuna, «mammaene» og trenarteam på benken, Tor Marvin, Linda, Cecilie, Janicke og Norodd i kulissane. Og alle som kjem på kamp. Froskeberget som alltid, trufaste og garantistar for liv på tribuna. Dei løfta seg også ekstra ilag med heiagjengen på VIP-en.

– Det er dette som er det nydelege med Volda handball!

Meir av dette!!

Og på ein jubelkvekd må det også vere lov med litt alvor. For dette er absolutt ikkje noko leiinga i handballen tek for gitt:

– I ei tid da vi stadig får meldinger om at arrangement må avlysast eller begrensast grunna mangel på frivillige, så er dette verkeleg noko vi vert audmjuke av. Vi er heldige, og vi jobbar heile tida med å legge til rette slik at det skal bli enkelt og kjekt på dugnad, seier Solveig. Og lover at vi skal få fleire slike kveldar og ettermiddagar i hallen.

Det er berre å gle seg!

PS! Allereie søndag ventar Byåasen i Rema 1000-ligaen, medan dei yngre laga skal fylle parketten og sanke poeng for Volda gjennom heile helga. Det er berre å ta turen !