Handballskule i vinterferien 2024
Rema1000 handballskule

VINTERFERIE OG REMA1000 HANDBALLSKULE

Volda Handball har gleda av å invitere til endå ein handballskule denne handballsesongen for born frå 1 til 7 klasse.

Den 5. Januar var påmeldinga endelig open! Det er igjen duka for mykje handballglede når Rema 1000 handballskule vert kasta igang. Det blir tre dagar med aktivitet, idrettsglede og gode opplevingar som ventar deg! 

Vi gler oss skikkeleg, og det vært nokren kjekke dagar i hallen! Det blir mykje leik og morro, Det blir lunsj og fruktpause og du får din eigen ball og T-skjorte. Kjøp plass no og sett av datoen 20. 21og 22. februar i vinterferien ( tysdag til torsdag) . Dette er ein perfekt moglegheit for deg som ynskjer å være i aktivitet, prøve ein ny idrett eller utvikle handballferdigheitene i vinterferien! Volda handball sin REMA 1000 handballskule blir arrangert i Volda campus Sparebank1 arena.

Vi har berre 75 plassar, så hiv deg rundt å sikre deg plass her: https://voldahandball.woow.no/#!/shop/41/ Vi har ordna søskenmoderasjon og om du ser at dette kunne du tenke deg, men om du er i ein situasjon som gjær at du ikkje har mulighet for å prioritere dette økonomisk for barnet, nøl ikkje,men send ein e-post til stotte@voldahandball.no så vil du motta informasjon om støtteordning og ei kode som gjær handballskulen gratis for deg.

Påmeldingsfrist 5. febuar!!

Spre ordet og del gjerne innlegget🤾